Nivå 0 Steg 1

Definer uroa for eit barn

Når du er bekymra for eit barn, må du prøva å setja ord på uroa du kjenner – før du tek saka vidare. Dette er ikkje alltid like lett, for signala som har gjort deg uroa kan vera både vage, diffuse og vanskelege å tyda.

I menyen til høgre finn du fleire BTI-verktøy som kan vera til hjelp når du skal sirkla inn og definera uroa di, til dømes «Signal på manglande trivsel», «Observasjonsskjema» og «Skala for uro: barn og unge».

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vera knytt til eleven sitt fysiske og psykiske skulemiljø ( §9a-sak), hugs fristen på ei veke for innkalling av føresette til samtale. Handlingsrettleiaren ift §9a-saker finn du her.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 0 Steg 2

Del uroa med leiaren din

Del uroa di med næraste leiar ved første høve. Dersom saka skal takast vidare, avgjer kven som tek kontakt med føresette.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 0 Steg 3

Del uroa med føresette/barnet

Inviter og gjennomfør «den nødvendige samtalen» med føresette/barnet.

  • gjeld dette ein elev sitt fysiske og psykiske skulemiljø ( §9a-sak), seinast innan 1 veke
  • elles innan 4 veker etter uroa har oppstått

Til dette møtet nyttar du rettleiinga du finn i «Førebuing og gjennomføring av den nødvendige samtalen».

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 0 Steg 4

Grunn til vidare oppfølging?

I den nødvendige samtalen vert det drøfta med føresette/barnet om det er grunn til vidare oppfølging. Dersom det er behov for å setje i gang tiltak, gå vidare til nivå 1 i rettleiaren. Dersom det ikkje er nødvendig å setja inn tiltak, avslutt saka.

Er det behov for hente inn ekstern hjelp utanfor gjeldande teneste, gå til nivå 2 i rettleiaren. Avgjer kven som skal vera ansvarleg for det vidare arbeidet (stafetthaldar).

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 0 Steg 5

Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging, lukkar de saka. Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/barnet/ungdomen om at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå nye vanskar på eit seinare tidspunkt.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 1 Steg 1

Samtykke til stafettlogg

I situasjonar der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet, nyttar kommunen ein elektronisk logg som sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar i dette hjelpearbeidet. Informer om, og få signert eit samtykke til oppretting av logg.

Stafettloggen vil introduserast ved eit seinare tidspunkt.

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkja råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs då samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 1 Steg 2

Skap felles forståing

Inviter og gjennomfør møte med føresette/barnet og eiga teneste, der de saman definerer problemstillinga og vert einige om konkrete mål og tiltak. Før mål og tiltak inn i stafettloggen.

Avtal tiltak i både heim og aktuell teneste.

Avklar her kven som har ansvar for å informera barnet/ungdomen, korleis ein informerer, og korleis ein gir vedkomande høve til å uttala seg.

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 1 Steg 3

Sett i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen til dokumentasjon av tiltaka.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 1 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 1 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vegen vidare

På basis av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    – Avslutt loggen.
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram.
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønskt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 1 – steg 3.
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt. De ser behov for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    – Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker. (Om saka vert løfta vidare opp på nivå 2, er det viktig å få samtykke frå føresette til å involvera eksterne samarbeidspartnarar.)

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 2 Steg 1

Nettverksmøte - oppstart

Gjennomfør nettverksmøte for føresette/barnet og tenester som skal bidra med tiltak på nivå to. Presenter saka. Avgjer kven som skal vera stafetthaldar vidare , med ansvar for møteleiing, referat og oppdatering av stafettloggen.

Nettverksmøte: To eller fleire tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeider etter felles målsetningar og er kjent med kvarandre sin innsats.

Bruk møtemalen de finn i «Førebuing og gjennomføring av møte».

NB: Stafetthaldar vurderer kva som er mest tenleg for samhandlinga og kommunikasjonen i møtet: Å føra fortløpande referat undervegs i møtet – eller å skriva referatet mot slutten/i etterkant av møtet.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 2 Steg 2

Nettverksmøte – planlegg tiltak

Når saka er presentert for nettverket, er neste punkt på dagsorden å planlegga aktuelle tiltak. Skriv tiltaka som skal gjennomførast inn i stafettloggen – få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak.

Til slutt i nettverksmøtet avtaler de tidspunkt for evalueringsmøte.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 2 Steg 3

Sett i verk tiltak

Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen til dokumentasjon.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 2 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg.

Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 2 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vegen vidare

På basis av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    – Avslutt loggen.
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram.
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønskt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 2 – steg 2
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt. De ser behov for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    – Bestem aktuelle samarbeidspartnarar, lag tilvising/melding til desse, og kall dei inn til møte på nivå 3. Stafetthaldar kvalitetssikrar korrekt tilvising/melding. (Om saka vert løfta vidare opp på nivå 3, er det viktig å få samtykke frå føresette til å involvera eksterne samarbeidspartnarar.)

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 3 Steg 1

Første møte med aktuell instans

Stafetthaldar og føresette/barn presenterer problemstillinga for tilvist teneste. Avgjer kven som skal vera stafetthaldar i det vidare arbeidet.

Stafetthaldar sørgjer for at aktuelle instansar får tilgang til stafettloggen. Stafetthaldar har ansvar for møteleiing og referat. Avklar kven som kallar inn til nytt nettverksmøte.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 3 Steg 2

Planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og andre aktuelle instansar.

Avtal tid og inviter til nytt møte.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 3 Steg 3

Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen til dokumentasjon av tiltaka.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 3 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Evaluer om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka.

Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.

Nivå 3 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vidare koordinert innsats

Gjennomfør evalueringsmøte i nettverket.

Det finst to moglege utfall:

  1. Tiltaka har hatt ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    – Avslutt loggen.
  2. Dei koordinerte tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt.
    – Sett i verk tiltak på nivå 1, 2 eller 3

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

NB: Brukarar med liten skjerm kan finne verktøy her.