Tiltak og tenester for føresette og familiar med ulike utfordringar

Odda Kommune har ulike tiltak og tenester for føresette og familiar med ulike utfordringar som kan påvirke barn og unge i deira kvardag.

Rus og Psykisk helse

Rus og psykisk helse er ei spesialistteneste i Odda kommune. Samstundes som vi ein lavterskeltjeneste.

  • vi kan bistå deg som treng nokon å snakka med, er i ei livskrise,  eller i behov for informasjon og spørsmål knytt til rus – og psykisk helse.

Målsetjinga for rus og psykisk helse i kommunen er å sikra eit godt koordinert tenestetilbod som fremme sjølvstende, tilhøyrsle og styrke evna til å meistre eige liv for menneske med psykiske lidingar og rusmiddelavhengnad.

Retten til helse og omsorgstenester likestiller somatikk og psykisk sjukdom/lidelse og rusmiddelproblem.

Vi ynskjer at tenestene skal vera verknadsfulle, tilgjengelege, rettferdig fordelt og prega av samordning og kontinuitet og fremme brukarmedverknad. Samstundes skal ressursane og kompetansen brukast på ein god måte.

Vi  tilbyr tenester etter individuell kartlegging og behov i samarbeid med brukar.

– Vi kan tilby ulike former for samtalar, individuelle støttesamtalar og  gruppesamtalar.

– Ulike formar Samtaleterapi, åtferdsterapi, angst, depresjon, søvnproblem, rusproblem, mestring samtalar m.m

– Vi gjev og tilbod om samtalar til pårørende.

– Handsaming av lettare depresjon og angst

– Boligsosialt arbeid, ADL, praktisk bistand med opplæring, bistå i å koordinera utfordringane til dagleglivet og behov.     

– Tilbod til personar i omsorgsbustader, kommunale og private bustader

– Etablering i eigen bustad

– Oppfølging i arbeid og fritid.

– Fast treningstilbod på treningssenter

– Turgruppe

– Tilvising til LAR behandling ( LegemiddelAssistert Rehabilitering).

– Oppfølging av personar i LAR og anna medikamentell rehabilitering

– Oppfølging og koordinering av personar i 2. linjetenesta og under soning.

Vi har feltsjukepleie kontor som leverer ut brukarutstyr, ulike hygiene artiklar, informasjon om førebyggjande infeksjonsarbeid, sårstell mm.

Erfaringsmedarbeider har fast kontordag i våre lokaler.

 

Moen dagsenter er opna dagleg frå kl 09.00 -11.00 og frå kl 15.00 – 23.00 .

Senteret har dagleg medikamentsutlevering. Tilrettelegging for felles måltid, samtalar og sosialt samvær for personar som er knytt til tenesta.

Familevernkontoret

Familievernkontoret er eit gratis lavterskeltilbud, der par, familiar og enkeltpersonar kan ta kontakt sjølv om det er problem eller krise i familien.

Hjelpeapparatet / ansatte i skole/ barnehage kan også henvise til oss, men i samråd med dem det gjelder. Du treng ikkje henvisning for å komme til Familievernkontoret og kan ta direkte kontakt.

Alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører pliktig mekling ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær.

Du kan heilt uforpliktande ta kontakt med oss per telefon eller epost.

Merk! Du må vera forsiktig me personopplysningar om du kontaktar oss på mail. Familievernkontoret har som mål å tilby meklingstime innan tre veker frå bestiling. I andre sakar som par- og familieterapi og foreldrerettleiing har me som målsetjing at ventetida ikkje skal vere meir enn fire veker.

Par med barn vil bli prioriteret.

Les meir om kva Familievernkontoret i Odda kan tilby her.

Hardanger Barnevern

Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunane Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin og Jondal.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lev under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har me frist på ei veke til å konkludere om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månadar. Ved endt undersøking skal barneverntenesta ha konkludert korvidt undersøkinga skal henleggjast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak som omsorgsovertaking i familien.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, mottek frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan vere foreldrerettleiing, fritidskontakt, besøksheim eller økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vera hjelpetiltak.

Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg me stor vekt på samtalar med barna for å få fram korleis dei opplev sin eigen situasjon.

Oversikt over tiltak frå barneverntenesta her  

Akuttberedskap:  97 55 85 10/97 55 85 11

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis)