Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Jordmortenesta og svangerskapsomsorg

Jordmortenesta er del av helsestasjonstenesta i kommunen. Me har tilbod for gravide, barselkvinner/par og nyfødde spedborn. Den gravide står fritt til å velje oppfølging hjå jordmor og/eller fastlege. Me tilrår å kome til ein vegleiingssamtale med jordmor tidleg i svangerskapet, og deretter følgje svangerskapsprogram.

Me tilpassar oppfølging etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidrar til god helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekke risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid.

Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og rettleiing vil me gi støtte i svangerskap, fødsel og i tida med det nyfødde barnet. Dette er ei viktig tid i livet der glede og forventning er stor. Me vil gjerne bidra med kunnskap, og møte den gravide og hennar partnar på tankane dei har i situasjonen. Vår erfaring er at dette er ei tid der ein kan ha behov for nokon å snakke med, særleg dersom livssituasjonen er krevjande og bekymring og uro forstyrrar.
Jordmortenesta kan også tilby hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon.

Les meir om tiltak frå jordmortenesta

Kontaktinformasjon:
Odda helsestasjon, tlf. 975 58 436
Telefontid: tirsdag, onsdag og torsdag kl. 09.30 – 10.30 og 12.00 – 13.00.
Besøksadresse: Smelteverket 61, 5750 Odda
Postadresse: Opheimsgata 31, 5750 Odda

Jordmor Hjørdis Ingeborg Bleie
Jordmor Torhild M. A. Kristensen

Helsestasjon for barn 0-5 år

Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeider både med psykisk/fysisk helse og sosiale forhold. Tilsette er helsesøstre, lege, psykolog og merkantil. Arbeidet inneber m.a. heimebesøk til nyfødde, helseundersøking for sped- og småbarn, vaksinering, kartlegging, foreldrerettleiing og rådgjeving, støttande/motiverande samtaler, oppfølging og nettverksarbeid.

Me har fokus på rettleiing og støtte i spørsmål om barnets vekst og utvikling, og gjev råd i høve til tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad. Me ønskjer å hjelpe born og familiar som opplever overgrep, vold, rus eller andre vanskelege heimeforhold.

Me samarbeider m.a. med fastlege, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern, og tilviser vidare ved behov. Me har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Tenesta driv førebyggande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom foreldre t.d. er usikre på barnets symptom og behov for legevurdering. Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringe for rådgjeving.

Les meir om tiltak frå helsestasjon

Kontaktinformasjon helsestasjon:
Odda helsestasjon, tlf. 975 58 436
Telefontid: tirsdag, onsdag og torsdag kl. 09.30 – 10.30 og 12.00 – 13.00.
Besøksadresse: Smelteverket 61, 5750 Odda
Postadresse: Opheimsgata 31, 5750 Odda

Røldal helsestasjon, tlf. 975 58 436
Telefontid: tirsdag, onsdag og torsdag kl. 09.30 – 10.30 og 12.00 – 13.00.
Besøksadresse: Røldal
Postadresse: Opheimsgata 31, 5750 Odda

Leiande helsesøster Inger Lise Haukaas, tlf. 975 58 564
Epost: inger.l.haukaas@odda.kommune.no
Helsesøster Merethe Jordal, tlf. 975 58 656
Epost: merethe.jordal@odda.kommune.no
Helsesøster Arnhild Næsheim, tlf. 975 58 673
Epost: arnhild.naesheim@odda.kommune.no
Helsestasjonslege Birgit Ystevik

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år.

God helse er utgangspunktet for trivnad, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet i skulehelsetenesta.

Elevane kan få råd og rettleiing, og me gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtaler og vaksinasjonar på faste alderstrinn. Me tilbyr også samtale og oppfølging av elevar med ulike vanskar og utfordringar, og foreldrerettleiing til dei som ønskjer det.

Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale.

Helsesøster kan gje rettleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Me kan også tilby støttesamtaler/motiverande samtaler for dei som har behov for det.

Etter kartlegging hjå helsesøster kan elevar bli tilvist andre hjelpeinstansar, t.d. fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Saman kan me identifisere og løyse helsemessige utfordringar. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette /evt. eleven sjølv.
Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, m.a. om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv.

Les meir om tiltak frå skulehelsetenesta

Kontaktinformasjon skulehelsetenesta:
Helsesøster har ein eller fleire faste dagar ved eige kontor på skulen. Sjå liste.
Skulen eller helsestasjonen kan og opplyse kva tid helsesøster er å treffe.

Leiande helsesøster Inger Lise Haukaas, tlf. 975 58 564
Epost: inger.l.haukaas@odda.kommune.no

Helsesøster Gunnbjørg Rosseland, tlf. 975 58 435.
Epost: gunnbjorg.rosseland@odda.kommune.no
Helsesøster Karin M. Eike, tlf. 975 58 437
Epost: karin.eike@odda.kommune.no
Helsesøster Arnhild Næsheim, tlf. 975 58 673
Epost: arnhild.naesheim@odda.kommune.no

Helsestasjon for ungdom

Ved helsestasjon for ungdom kan ungdom få råd og vegleiing om alt som opptar dei. Her kan og gjes råd om å oppsøke andre hjelpeinstansar, som skulehelseteneste, barnevern, fastlege eller spesialist. Helsestasjonen er bemanna av helsesøster og lege.

Dei tilsette har teieplikt, og ungdom kan kome dit med alle typar spørsmål. Tilbodet er gratis, og ein kan koma utan timeavtale.

Målgruppa er ungdom opp til 25 år.

Ved helsestasjon for ungdom svarar me blant anna på spørsmål om kroppen, problem på skulen, forholdet til kjærast, vennskap, seksualitet, rus, røyking/snusing, graviditet, menstruasjon, prevensjon, kosthold, slanking og etevanskar, psykiske vanskar, vonde opplevingar, til dømes seksuelle overgrep, vold eller sjukdom i familien, og mykje anna.

På helsestasjon for ungdom kan ein m.a. få reseptar og anna behandling for helseproblem, prevensjonsrettleiing og prevensjon, testing med tanke på kjønnssjukdomar eller graviditetstesting. Ved akutt sjukdom, kroniske lidingar/plager, eller ved behov for meir grundig og langvarig utgreiing, behandling eller oppfølging, er det fastlege/evt. legevakt som skal nyttast.

Åpningstid/stad:
Kvar onsdag kl. 14.30 – 16.45 på Helsestasjonen i Odda, Smelteverket 61.
Telefon: 975 58 436 (se helsestasjonen for telefontid).

Kontaktinformasjon:
Helsesøster Gunnbjørg Rosseland, tlf. 975 58 435.
Epost: gunnbjorg.rosseland@odda.kommune.no
Helsesøster Karin M. Eike, tlf. 975 58 437
Epost: karin.eike@odda.kommune.no
Helsesøster Arnhild Næsheim, tlf. 975 58 673
Epost: arnhild.naesheim@odda.kommune.no

Spesialpedagogisk team i barnehagane

Spesialpedagogisk team i barnehagane kan bistå barn under skulealder som pedagogisk leiar uttrykkjer bekymring for, eller som har rett på spesialpedagogisk hjelp.

Spesialpedagogane kjem på den enkelte avdelinga etter avtale eller kan bidra i heimen til barnet. Foreldra må gje samtykke i forkant.

Les meir om tiltak frå spesialpedagogisk team i barnehagane.

Hardanger Barnevern

Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunane Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin og Jondal.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lev under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har me frist på ei veke til å konkludere om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månadar. Ved endt undersøking skal barneverntenesta ha konkludert korvidt undersøkinga skal henleggjast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak som omsorgsovertaking i familien.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, mottek frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan vere foreldrerettleiing, fritidskontakt, besøksheim eller økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vera hjelpetiltak.

Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg me stor vekt på samtalar med barna for å få fram korleis dei opplev sin eigen situasjon.

Oversikt over tiltak frå barneverntenesta her

 

Akuttberedskap:  97 55 85 10/97 55 85 11

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111 (gratis)

Familievernkontoret

Familievernkontoret gir tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien.

Du treng ikkje henvisning for å komme til Familievernkontoret og kan ta direkte kontakt. Alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema.
Familievernkontoret utfører pliktig mekling ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær.

Du kan heilt uforpliktande ta kontakt med oss per telefon eller epost.
Merk! Du må vera forsiktig me personopplysningar om du kontaktar oss på mail.

Familievernkontoret har som mål å tilby meklingstime innan tre veker frå bestiling. I andre sakar som par- og familieterapi og foreldrerettleiing har me som målsetjing at ventetida ikkje skal vere meir enn fire veker. Par med barn vil bli prioriteret.

Tilbodet er gratis.

Les meir om kva Familievernkontoret i Odda kan tilby her.

Kommunepsykolog

Vi som jobbar som kommunepsykologar er utdanna psykologar, og vi har teieplikt.

Vi arbeider med barn og unge mellom 0 – 19 år og familiane deira, samt aktuelle instansar rundt borna. Arbeidet er knytt til psykisk helse og psykososiale problemstillingar.

Vi arbeider i hovudsak ved å rettleia fagpersonar som samarbeide med barn og ungdom, men treffer òg barn og føresette direkte.

BUP - Barne og ungdomspsykiatri

BUP står for barne og ungdomspsykiatri. Dei gjev eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande.

BUP Stord har utekontor i Odda og du kan lese mer om barn og unge sitt tilbod i BUP Stord her.

Dei har tilbod innan utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring og AD/HD. Vidare innan depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

For meir informasjon om samhandlingsforløpet for barn og unge med psykiske lidingar trykk her.

OppMot Læringssenter

OppMot Læringssenter samarbeidar med grunnskulene i Odda, Hardanger Barnevern, Hardanger
Opplæringskontor, Politihøgskolen og Pleie og omsorgsetaten.

Spesialundervisning der målsetjinga er å betre eleven sin sosiale fungering og gi eleven meistringsopplevingar.
Læringssenteret legg til rette for faglege og sosialpedagogiske tiltak på ein praktisk måte. Her kan elevane finne sin veg gjennom yrkespraksis/besøk og byggje nettverk.
.

PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

PPT er ein sakkyndig faginstans med eit todelt mandat. Mandatet vårt er regulert i opplæringslova og barnehagelova og omfatter både system- og individretta arbeidsoppgåver.

PPT har eit system- og individperspektiv der vi ser desse to i samanheng og medverkar til ei heilskapleg tenking i barnehage og skule.

Tiltak for eit barn eller ein elev kan like gjerne være å bedre gruppe- eller klassemiljø, gruppe- eller klasseleiing, som å setje inn individuelle tiltak knytt til barnet eller eleven åleine.

PPT skal sørge for at det vert utforma ei sakkyndig vurdering der lova krev det.

PPT har ansvar for barn, unge og vaksne (med rett til grunnskuleopplæring). Vi har fokus på barn og unges behov for god sosial og fagleg utvikling i barnehage og skule. PPT har eit særleg ansvar for å støtte/hjelpe barnehage og skule i planlegging av tiltak for barn/unge med spesielle behov. Skule, barnehage og foreldre som kan kontakte og evt. henvise/melde inn elevar til PPT.

Tenesta vår bidrar med:

  • Observasjon utgreiing av barn/unge og vaksne
  • Rettleiing til barnehage, skule og foreldre
  • Utviklingsarbeid og kompetanseheving for barnehage og skule
  • Sakkyndig vurdering

    Opplæringslova krev og sakkyndig vurdering i andre tilfeller.
    Dette gjeld vurdering av:

  • Tidleg eller utsett skulestart
  • Heilt eller delvis fritak for opplæringsplikta
  • Behov for tegnspråkopplæring

    Du kan nå oss på:
    Telefon: 911 12 591
    Telefon Fagleiar: 975 58 697

    Meir kontaktinformasjon finn du her

  • Logopedtenester

    Logopeden arbeider direkte med barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar. Tenesta arbeider indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestasjon og PPT.
    Logopedtenesta gjev flest tenester som tilpassa opplæring.

  • Arbeid på individnivå kan vera direkte og indirekte – og består av:
  • Utgreiing og kartlegging
    Undervising og Handsaming
    Rettleiing

  • Arbeid på systemnivå:
  • Prosjekter
    Rettleiing
    Kurs og kompetanseheving

  • Arbeidsområdene til logopedtenesta:
  • Språkvanskar
    Språklydvanskar
    Taleflytvanskar
    Stemmevanskar
    Kommunikasjonsvanskar
    Språk-, tale- og svelgevansker etter ervervede hjerneskader (t.d afasi, taleapraksi, dysartri og dysfagi)
    Lesa- og skrivevanskar


    Saksgang:

    Det skal vera låg terskel inn til logopedtenesta. Foreldre, helsestasjon, barnehage, skule, personen sjølv kan tilvises tenesta.
    Dersom du er i tvil på om ei sak bør tilvisast eller ikkje, kan logopedtenesta kontaktast per telefon eller mail.
    NB! Dersom det er andre enn deg sjølv eller foreldre som kontaktar oss, hugs å drøfta saka anonymt.

    Du kan nå oss på:

    Telefon: 91 11 25 91

    Hanne N. Opedal: 97 55 86 95
    Alexander Kristiansen: 48 27 45 16

    Eller send e-post til oss:
    hanne.n.opedal@odda.kommune.no
    alexander.kristiansen@odda.kommune.no

    Konsultasjonsteam for vald og seksuelle overgrep

    Alle ansatte i stat og kommune, som jobber med barn og som har en uro knytta til om et barn kan være utsatt for vold eller seksuelle overgrep, er velkomne til å drøfta sin uro anonymt med konsultasjonsteamet.

    I tillegg driv konsultasjonsteamet med opplysning og kompetanseheving på temaet vold og overgrep. Teamet tilbyr gratis kurs.

    Konsultasjonsteamet er breitt samansett med representanter frå helsestasjon, politi, lokal barnevernteneste, familievernkontoret, pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT), BUP og Krisesenter Vest. Teamet dekker kommunane i Kvinnherad og Hardanger.

    Å fremme gode lokale samarbeidsformer i saker hvor det er mistanke om at barn er utsette for vold eller seksuelle overgrep. Ein veit at terskelen for å ta kontakt med hjelpeapparat ( barnevern/politi) i slike saker er høg. Målet til konsultasjonsteamet er å senke terskelen for å ta kontakt i det som er «tøffe» saker, slik at ein kan få støtte, råd og rettleiing i kva ein bør gjere. Målet vårt er at tilsette skal ta kontakt med oss så tidleg som mogeleg. Det er nok å ha denne uroa i magen, for å ta kontakt med teamet.

    Les meir om Konsultasjonsteamet her.

    Koordinerande eining

    Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett gruppe med representantar frå helsestasjon, fysio-/ergo, rus/psykisk helse, bustad for utviklingshemma/avlastning, tildelingskontor og PPT.

    Vi skal ha oversyn over det tilbodet kommunene har ift habilitering- og rehabiliteringstilbod og skal kunna hjelpa deg med informasjon, eller å setja igang og samordne hjelpetiltak. Koordinerande eining tek imot søknader om individuell plan (IP), og dessutan prøver å finna koordinator i dei tilfella dette er utfordrande. Vi har òg regelmessig opplæring av koordinatorar og hjelp til med spørsmål på systemnivå.
    Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgtenester,har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Planen skal berre utarbeidast dersom personen sjølv ynskjer det.

    Søke IP eller andre helse og omsorgstenester?
    Digital søknad
    Søknad til utskrift.

    Du kan lese meir om Individuell Plan og koordinator her.

    Du kan ta kontakt med oss på telefon eller e-post:

    E-post:tildelingskontor@odda.kommune.no

    Tlf 97 55 84 07

    Ergo og fysioterapitenesten

    Målet for tenesta er å bidra til at barn og vaksne mest mogleg sjølvstendig skal kunna meistra kvardagen og delta i samfunnet elles.

    Fysioterapitenesta utfører undersøking og behandling, førebyggjande tiltak, habilitering og rehabilitering i og utanfor institusjon. Fysioterapeutar samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og i spesialisthelsetenesta.

    Tenesta vert utøvd i på ulike institutt, i sjukeheimane, i barnehage/skule, på helsestasjon, i omsorgsbustader og i pasienten sin heim dersom det er behov for det.

    Kommunen har både fast tilsett fysioterapeut og fysioterapeutar som driv privat praksis.

    Ergoterapi skal hjelpa menneske til å verta mest mogleg sjølvhjulpen etter sjukdom, skade eller nedsett funksjon. Ergoterapeuten kartlegg, gjev trening i daglege gjeremål og tilrettelegg med tekniske hjelpemiddel i heimen, barnehage, skule og arbeidsplass. Dei deltek òg i førebyggjande arbeid.

    Fysioterapi inneber førebyggjande helsearbeid,behandling av skade/sjukdom og rehabilitering. Fysioterapeuten bidreg med undersøking, vurdering av motorikk, handsaming, trening, gruppetrening, rettleiing m.m.

    Frå hausten 2008 har tenesta delteke i tverrfagleg førebyggjande arbeid, retta mot alle 1.klassingar-”God skulestart”.

    Skjema forførespurnad til ergoterapitenesta

    Skjema for førespurnad om fysioterapi

    For kontaktinformasjon og meir informasjon om ergo og fysioterapitenesten i Odda Kommune.

    Rettleiar NAV i vidaregåande skule

    NAV-rettleiaren kan hjelpe med utenomfaglege utfordringar og samarbeidar med lærar, rådgjevar, helsesøster mm. Rettleiar er på Odda Vidergåande 4 dagar pr. veke. Gjennom tett oppfølging av elev og samarbeid med skule og NAV vil ein i den grad det let seg gjere tilrettjeleggja for å hindre Drop-out på vidergåande.
    Rettleiarane kan treffast i aulaen for ein uformell prat eller du treff dei på kontoret sitt på Odda Videregåande skule. Du kan og avtale time på SMS.

    Les meir om tilbodet her.

    Kontaktpersonar:

    Hege Hansen Lillestraum
    E-post: hege.hansen.lillestraum@nav.no
    Telefon: 412 92 782

    Katrine Måkestad Vines
    E-post: katrine.makestad.vines@nav.no
    Telefon: 412 92 301

    Tidleg Ute

    Tidleg ute er eit prosjektforebyggjande arbeid med jevnlige evaluerings-/samarbeidsmøte innover i prosjektet og knytt til SLT- samlingane. Målgruppa for prosjektet er unge i alderen opp til 24 år. Tidleg ute skal bidra til at hjelpetiltaka er fornuftige og føremålstenlege. Er det behovet for oppfølging skal alle partar bidra til at dette vert tilbode.
    Kven er med i Tidleg ute?

    Innover i prosjektgruppa er oppgåvene varierte:

    NAV Odda:
    – Sørga for at den enkelte får tilbod om han oppfølgingen dei måtte ha behov for.
    – Få tilbod om ei form for aktivitet-/tiltak
    – Sørga for at deltakarane er lønt gjennom stønad frå NAV
    – Bruka oppsøkjande arbeid som arbeidsmetode for å koma i kontakt med ungdomane
    Hardanger Lensmannsdistrikt:
    – Gjennomføra bekymringssamtaler
    – Ansvar for «alternativ til vanleg straffereaksjon»
    – Bistå ved oppsøkjande arbeid
    Hardanger Barnevern:
    – Sørgjer for at den enkelte får tilbod om han oppfølgingen dei måtte ha behov for
    – Familieterapeutisk oppfølging

    Sjå kontaktpersoner om det er nokon du treng å få kontakt med.