Trygt og godt barnehagemiljø

Alle barn i Odda kommune skal oppleva tryggleik og inkludering når dei er i barnehagen. Barna skal bli lytta til og tatt på alvor. Alle vaksne har eit særleg viktig ansvar her. Eit ansvar som inneber at ein må være aktivt tilstades i leik og samspel med barna, ha kompetanse om kva ein skal observere, ”ta grep” og sette i verk tiltak på eit tidleg tidspunkt.

Melde frå til barnevernet – kva skal barnehagen gjere?

Alle som er ansatt i barnehagen har ei plikt til å fylgje med og melde til barnevernet om dei ser noko som kan vere skadeleg for barnet.

Odda kommune som barnehageeigar og styrarane er ansvarleg for at alle ansatte kjenne til regelverk og rutinar rundt meldeplikt til barnevernet.

Plan mot mobbing

Odda kommune har fokus på førebygging og tidleg innsats.

Handlingsplan mot mobbeadferd i barnehagen er ein del av beredskapsplanen som er utarbeidd for barnehagane i Odda kommune. Planen gjev informasjon til foreldre, tilsette i barnehagane og andre instansar om korleis ein førebyggjer og handterer mobbeadferd.

Tør vi snakka om at mobbing skjer i barnehagane våre?

Rammeplanen for barnehagen er tydeleg: «Barnehagen skal legga til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra». Dialogmodellen er førebyggande arbeid mot mobbing, her ligg det rettleiing og forslag til spørsmål om du skal ha ein dialog med barn, foreldre, foreldregruppa eller ein kollega, og det ligg og andre ressursar lett tilgjengelig.

 

Et eksempel er dialogmøtet; For at barn skal oppleva seg som ein viktig deltakar i fellesskapet må foreldre og tilsette ha ein god dialog. Dialogmøte er eit verkty for å lykkast i dette arbeidd.

Når foreldra ikkje bur saman

Det kan i enkelte tilfelle vera vanskeleg for dei tilsette i barnehagane å vita korleis dei skal forhalda seg til foreldre som ikkje bur saman. I dette heftet har vi samla opplysningar for å sikreat barnehagane har kunnskap om innhaldet i omgrepa foreldreansvar, fast bustad og samværavtale. Denne kunnskapen er ein naudsynt betingelse for at barnehagane skal kunna oppfylla sin informasjons-, rettleiings- og tagnadsplikt i tilhøve til skilde foreldre.

Barnehagane ved pedagogisk leiar eller styrar må i samarbeid med aktuelle foreldra fylla ut skjemaet «Foreldre som ikkje bur saman». Det vil gje barnehagen eit oversyn over kva for avtaler foreldra har.

Barnehagen har rutiner for å innhenta informasjon om foreldreansvar for barna i barnehagen. Dette gjer de ved å nytta skjemaet «tillatelser og opplysninger om mitt barn i barnehagen.» 

Skjema

Aktuelle skjema: