Trygt og godt skulemiljø

Alle elevar i norsk skule har etter § 9A i Opplæringslova rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Den enkelte elev skal ha eit miljø der dei ikkje blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.

Handlingsrettleiar ved melding om mobbing eller trakassering

Dei tilsette i skulemiljøet har eit overordna ansvar for å førebyggja og vera observante vaksne i samvær med elevane.

Kvar enkelt skule har si eiga plan ved melding om mobbing og trakassering, men har ein felles handlingsrettleiar kor nivå og steg frå BTI-rettleiaren er synleggjort.

Handlingsrettleiaren finn du her.

Skjema:Tiltaksplan/aktivitetsplan

I følge Opplæringslova §9A-2 har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skulen skal lage ein skriftleg plan i visma flyt skole når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:

  • kva problem tiltaka skal løyse
  • kva tilttak skulen har planlagt
  • når tiltaka skal evaluerast
  • når tiltaka skal gjennomførast
  • kven som er ansvarleg for tiltaka

Bekymring rundt fravær

Odda kommune har utarbeidd retningslinjer for skulane når det gjeld rutinar for oppfølging av fravær. Skulane skal kjenne til og følge opp rutinane ved eigen teneste.

Handlingsplanene ved bekymring rundt fravær 1.-10. klasse gjeld alle grunnskulane i Odda kommune og synleggjer nivå og steg i BTI-rettleiaren.

Handlingsplanen inneheld og moment til bruk ved samtale med elevar og føresette ved skulefravær.

God skulestart

God skulestart er eit tverrfagleg førebyggjande arbeid retta mot alle 1. klassingar.

I tillegg til ein koordinator består teamet av rådgiver ved PPT, helsesøster, ergoterapeut og fysioterapeut i samarbeid med administrasjon og pedagogisk personell i skolen.

Oppgåve
Bidra til å skape ein best mogleg skulekvardag for alle ved å observere og avdekke utfordringar på gruppe og individnivå. Foreslå og setja igang tiltak i løpet av det første skulehalvåret til elevane.

 

Samarbeid mellom skule og barnevern - ein rettleiar

Bufdir har utarbeidd ein felles rettleiar for skulen og barnevernet for å gjera tydeleg dei områda der det er særleg sentralt med samarbeid til beste for kvart enkelt barn.

Målet er at alle barn som får hjelp og støtte frå barnevernet fullfører vidaregåande opplæring og vert integrert i arbeids- og samfunnslivet. For å sikra at barn med tiltak frå barnevernet får ei god omsuts- og skulesituasjon, er det avgjerande at skulen og barnevernet har eit godt og gjensidig samarbeid preget av tillitt, åpenhet og respekt. Dette krev at dei har kunnskap om kvarandres oppgåver, lóvar, ansvar og roller.

Skjema

I Visma Flyt skule ligg det ulike skjema som fyllast ut her . På denne måten blir riktig mal fylt ut. Dette gjeld skjemwa som:

  • Aktvitetsplan etter Opplæringsloven § 9A-4 – dette er ein tiltaksplann når en elv ikkje har eit trygt og godt skulemiljø (§9A-2).
  • Forespørsel om sakkyndig vurdering – Skjemaet skal fyllast og printast ut, signerast av føresette og sendast inn til PPT.
  •  Samtykkeerklæring overføring av opplysningar – blir brukt ved overgangar. Skjemaet må skrivast ut og føresette samtykke i at opplysningar om eleven kan delast mellom einingane/tenestane, det kryssast av på kva teneste som er aktuelt å inkludere.
  • Tilvisning PPT – Brukes ved tilvisning til PPT, blir oppretta av kontaktlærar eller skuleledelse, skrevet ut og signert av føresette. Sendast så inn til PPT.

 

Andre aktuelle skjema: