Verktøykassen

Verktøykassa skal vera til hjelp i den daglege tilretteleggingen i både barnehage og skule. Verktøykassa har ikkje ei uttømmande liste, men inneheld ein del konkrete tiltak for utprøving. Målet er at det skal komma fleire verktøy til undervegs.
Førebels finst det verktøyet for mistanke om språkvanskar, lese- og skrivevanskar, sosiale og emosjonelle vanskar og konsentrasjons- og merksemdvanskar.

Verktøykassen Barnehagar

Det har vorte utarbeidd ein eigen verktøykasse for barnehagane som inneheld all informasjon du treng ift merksemdområda språkvanskar, lese- og skrivevanskar, sosiale og emosjonelle vanskar og konsentrasjons- og merksemdvanskar.

 

Verktøykassen for barnehagar finn du her.

Verktøykassen skular

Skulen har delt verktøykassen inn i fire element for merksemdsområda 

  1. Mistanke om vanskar med Språk, tale og kommunikasjon –

    Språk, tale og kommunikasjonsvanskar er nemning  som omfattar vanlegvis utfordringar med både å forstå – og å uttrykka språket.

  2. Mistanke om lese- og skrivevanskar –

    Når barnet har vanskar med å tileigna seg funksjonell lese- og skrivekompetanse trass i ordinær opplæring.

  3. Mistanke om sosiale og emosjonelle vanskar –

    Ei relativt varig og lite føremålsteneleg adferdsform som gjer læring, trivsel og sosiale relasjonar vanskeleg.

  4. Mistanke om vanskar med merksemd og konsentrasjon
  • Konsetrasjon og merksemd omhandlar evna til å velja ut(selektera) stimuli og evna til å halda fast på stimuli. (konsetrasjon).

Felles system for kartleggingspraksis Odda Kommune

Heftet inneheld kommunal minstestandard for kartlegging frå 1. til 10.trinn. Saman med oversikta over minstestandard er også nokre foreslåtte kartleggingsverktøy som kan nyttast ved behov for ytterlegare kartlegging viss skulen ønsker det. Har skulen andre tilleggs kartlegginger, som ikkje er nemnt i oversikta, står skulen heilt fritt til å nytta desse vidare.

Gjeldande plan frå 01.11. 2014 ligg her.

Felles system for kartleggingspraksis i Odda Kommune vil bli gjennomgått våren 2019 og lagt til når den er klar.